NIFES-forskar Anne-Katrine Lundebye Haldorsen går inn sin fjerde periode som fagekspert i det europeiske mattilsynet EFSA.

Lundebye Haldorsen skal i tre år framover sitje i CONTAM, panelet som skal vurdere risiko ved framandstoff i mat (miljøgifter, medisinrestar etc.). Ho går dermed inn i sitt 13. år som ekspert i EU-systemet. Lundebye Haldorsen har tidlegare vore med i EFSAS fôrpanel (FEEDAP) og den tidlegare vitskapskomiteen i kommisjonen for dyreernæring (SCAN).

Lundebye Haldorsen har vore forskar ved NIFES sidan 1997 og forskingssjef frå 2001 til 2011.

EFSA (European Food Safety Authority) består av ein vitskapskomite og ti vitskapeleg panel med uavhengige ekspertar frå universitet, forskingsinstitusjonar og mattryggingsorgan i EU- og EØS-land. EFSA gir råd til politiske styresmakter som skal ta stilling til spørsmål om fôr- og mattryggleik, ernæring, dyrehelse og velferd, plantevern og plantehelse.

EFSA vart etablert i 2002 etter fleire matskandalar i Europa på 1990-talet og eit sterkt behov for styrke kontrollsystem og gjenopprette forbrukartillit til europeiske matstyresmakter.

NIFES er i dag blant storleverandørane av data til EFSA, mellom anna via Mattilsynet. Når EU vedtek lover på sjømatområdet basert på råd frå EFSA, er det i stor grad tal og analysar frå NIFES som er grunnlaget.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer