Forskarar ved NIFES har som dei einaste i verda utvikla eit gen-bibliotek for berggylte. Dei ynskjer no å dele dette biblioteket med fleire.

– Andre forskingsmiljø som jobbar med berggylte kan dra nytte av dette gen-biblioteket (contig samanslutting). Til dømes er det mange som jobbar med å lage vaksiner til denne arten, seier forskar Øystein Sæle. Han oppfordrar dei aktuelle forskingsmiljøa til å ta kontakt.

Ved å sjå på korleis ein organisme regulerar viktige gen, kan ein lære mykje om organismen sin biologi. Hjå fiskelarvar ser ein blant anna på genuttrykket av fordøyelsesenzym for å finne ut kva slags fôr larvane bør ha.

– Vi har identifisert meir enn 18 000 gener i berggylte og har difor tilgang på ei stor verktøykasse når vi no skal fastsette kva slags krav bergylta har til ernæring, seier Sæle.

Berggylte et lakselus og det er stor etterspurnad etter bergylte i lakseoppdrett. Det er difor ynskjeleg å kunne drive oppdrett på denne arten. Men berggylta har eit spesielt tarmsystem, utan mage og blindsekkar. Dette gjer at fordøyelsen og næringsopptaket blir annleis og ein må utvikle eit fôr som dette tarmsystemet kan handtere.

Kontakt: Øystein Sæle

Telefon: 99120835

E-post: oyse@nifes.no/

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer