Filèt of salmon
Foto: Eivind Senneset

Sjølv om nivåa av marint omega-3 i oppdrettsfôr har gått ned, er oppdrettslaks framleis ei god kjelde til dei viktige næringsstoffa.

Dei siste 10-15 åra er det blitt mindre av dei marine omega-3-feittsyrene i fôret til oppdrettslaksen, og dimed også i laksen. Grunnen til det er at mange av dei marine råvarene i oppdrettsfôr er blitt erstatta i aukande grad av vegetabilske råvarer.

Dette betyr likevel ikkje at det er lite marint omega-3 i oppdrettslaksen, det er bare ikkje like mykje som før. Sjølv om nivåa av marint omega-3 er redusert med omtrent 60 prosent, er oppdrettslaksen framleis ei god kjelde til dei sunne feittsyrene, fortel Bente Torstensen, forskingsdirektør ved NIFES. Og det vil den alltid vere fordi den har eit eige ernæringsbehov for feittsyrene.

– Marint omega-3 er ikkje bare viktige for oss menneske, men også for laksen. Difor vil ein oppdrettslaks alltid ha mykje marint omega-3 i seg. Den treng det for å vekse og for å halde seg frisk, seier ho.

Feitt for hjernen og hjartet

Det er heller ikkje ressurseffektivt med for mykje marint omega-3 i laksens fôr, meiner Torstensen.

– Laksen treng bare nok omega-3, og den bruker overflødig omega-3 til energi i staden for å lagre det, viss den får for mykje av feittsyrene, seier forskingsdirektøren.

Dei viktigaste marine omega-3-feittsyrene er EPA og DHA, og dei har fleire gode eigenskapar for menneske. Begge feittsyrene motverkar hjarte- og karsjukdomar. I tillegg er DHA særleg viktig for utviklinga av hjernen hjå barn og unge, og for å ta vare på optimal hjernefunksjon gjennom heile livet.

Dette er ein av fleire grunnar til at Helsedirektoratet anbefaler at ein et to-tre måltid sjømat i veka, inkludert eitt med feit fisk.

I dag vil eitt måltid med oppdrettslaks dekke meir enn ei vekes anbefalt inntak av marint omega-3 for friske, for å førebygge mot hjarte- og karsjukdom.

Vi treng også vegetabilsk omega-3

Med meir vegetabilske råvarer i fiskefôr enn tidlegare blir det også meir vegetabilsk omega-3 (alfa-linolensyre) enn marint omega-3 i oppdrettslaksen. Ifølge Torstensen ligg forholdstalet mellom vegetabilske råvarer og marine råvarer på omtrent 70-30.

– Plante-omega-3 er ei essensiell feittsyre som vi treng i kosten for å ha god helse, seier ho.

I tillegg har både menneske og laksen evna til å gjere om vegetabilsk omega-3 til marint omega-3, men den prosessen er ikkje effektiv nok til å produsere nok EPA og DHA for optimal helse og utvikling. Difor vert alle anbefalt av norske helsemyndigheiter å ete eitt måltid feit fisk eller feit fisk som pålegg som begge inneheld EPA og DHA direkte. Samstundes vert gravide anbefalt å ete 200 milligram DHA kvar dag, fortel Torstensen.

Ein middagsporsjon (á 150 g) av dagens oppdrettslaks vil i gjennomsnitt bidra med 1,9 g EPA og DHA, og 1,3 g plante-omega-3.

NIFES overvaker også innhaldet av uønskte stoff i oppdrettslaks, og ei grundig analyse visar at dei fleste uønskte stoff i oppdrettslaksen har gått ned det siste tiåret.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer