Når Nina Liland deltar i Forsker grand prix, har ho fire minutt på å fortelje om forskinga si.

-Eg blir meir bevist på kva som er vanskeleg å forstå for andre som ikkje jobbar med det til vanleg, seier Nina.

I Forsker grand prix konkurrerer hun med ni andre om å bli Bergens fremste forskerformidlar. Nina tar doktorgrad innan fiskeernæring, og forskar på fôr til oppdrettslaks.

-Vi ynskjer å produsere ein laks med nok sunne omega-3 feittsyrer og samtidig bruke mindre ingrediensar frå villfisk. Skal vi få til dette må vi vere veldig bevisst på kva vi fôrar laksen med.

Omega-3 feittsyrene er bra for helsa vår, både hjerte og hjernen treng desse feittsyrene for å fungere optimalt. Tradisjonelt har vi fått omega-3 frå fisken i havet, men marine råvarer har blitt ein avgrensa resurs. På Forsker grand prix vil Nina vise publikum kva dagens fiskefôr faktisk inneheld.

-Blir eg stemt vidare i konkurransen vil eg også fortelle kva eit fôr med planter har å seie for laksen si helse, lovar ho.

Landsfinale i Tromsø

Forskar Grand Prix er ein del av Forskningsdagene Bergen. 10 stipendiatar frå ulike forskingsinstitusjonar i byen deltek. I første runde skal forskarane presentere forskinga si på fire minutt. Dei fire beste går vidare til finalerunden der dei får seks minutt til å fenge både publikum og dommarar.

Dei to beste frå Bergen går vidare til landsfinalen i Tromsø. Nina trur det blir både utfordrande og lærerikt å delta i konkurransen.

Har fått råd frå skodespelar 

Nina har deltatt på fleire fellessamlingar med dei andre deltakarane, der dei blant anna har hatt kurs i medietrening. I tillegg har ho hatt to private veiledningar på presentasjonen sin, den eine med skodespelar.

-Han gjorde meg oppmerksam på ting eg ikkje hadde tenkt på før, som at ein kan sei den same tingen på heilt ulike måtar ved å bruke stemma forskjellig.

Forsker grand prix føregår i Grieghallen 21. september og blir leia av fysikar og programleiar Andreas Wahl. I juryen sit Finn Tokvam, Agnete Haaland og Sylfest Lomheim.

Les meir om Forsker grand prix.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer