Kva gir torsken ein god start i livet? Forskarar frå NIFES og ei rad andre institusjonar søker etter svar.

Det er i barndommen grunnlaget blir lagt for eit friskt og godt liv. Så også for torsken.

– Vi er interesserte i å forstå dei tidlege livsstadia til torsken frå ulike innfallsvinklar. Forskarane ser nærare på korleis ernæring påverkar biologiske prosessar, som for eksempel hjerne, beinstruktur og andre viktige funksjonar, seier Kristin Hamre, NIFES-forskar og nestleiar for CODE.

CODE er ein stor forskingsdugnad som starta opp i 2010 og skal gå fram til 2014 gjennom eit samarbeid mellom ei rad forskingsinstitusjonar. Forskingsrådet støttar prosjektet med 21 millionar kroner over fire år.

– Basiskunnskapen om torskelarver er liten. Ein stor del av dette arbeidet er grunnforsking, seier Hamre.

Ny kunnskap kan forhåpentleg bidra til at vi betre kan forstå korleis torsken blir påverka av mellom anna miljøforureining og klimaendringar. Med meir omfattande kjennskap til torskens biologi, kan han også brukast som indikator for å forstå større økosystem.

Forskar Terje van der Meeren frå forskingsstasjonen på Austevoll hentar ut plankton frå eit anlegg bygd opp til CODE-prosjektet.FOTO: NJORD V. SVENDSEN/NIFES

Men også oppdrettsnæringa vil kunne få glede av CODE. Dei første forsøka med torskeoppdrett vart gjennomført på 1980-talet. Torskeoppdrett har aldri fått eit stort omfang, mellom anna på grunn av utfordringar knytt til utvikling av yngel. Ny kjennskap til kva slags næring som fungerer og ikkje fungerer for larvene er første steg på vegen til å utvikle betre fôr for og meir levedyktig yngel.

Forskarar hentar i løpet av våren ut store mengder prøver til analyse fråforskingsstasjonen i Austevoll. Her blir yngel dyrka fram i store mengder og fôra opp på ulike diettar. Prøvene blir fordelt på alle institusjonane som er med i prosjektet.

Ei gruppe torskelarver får tradisjonelt oppdrettsfôr i form av rotatorier, små hjuldyr dyrka opp i tankar . Ei anna får gourmemat: Raudåte, eller dyreplankton, små krepsdyr med rikt næringsinnhald, dyrka opp i eit unikt anlegg som er bygd opp i eit nærliggande tjern. Torskelarver som lever fritt i havet lever av dyreplankton.

– På denne måten kan vi studere yngel som veks til under optimale livsvilkår og samanlikne med yngel frå vanleg oppdrett. Då kan vi identifisere og finne ut kva ulikskapar i ernæringa som er avgjerande for utviklinga av torsken, forklarer Hamre.

I tillegg til NIFES er forskarar frå åtte andre institusjonar involvert: Havforskningsinstituttet, Nofima, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Nordland, NTNU, Nofima og Sintef. Prosjektet blir leia av Ivar Rønnestad frå UiB og forsøkene blir utført på Havforskingsinstituttets forskingsstasjon i Austevoll.

 

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer