De 52 deltakarane på årets fiskeernæringsseminar.
Foto: NIFES

52 forskarar, stipendiatar og næringsaktørar deltok då Det norske fiskeernæringsseminaret blei arrangert for fyrste gong på 15 år.

Fram til år 2000 var Det norske fiskeernæringsseminaret eit fast arrangement i regi av ulike norske forskings- og industrimiljø, men så sa det stopp. Etter 15 år i dvale plukka NIFES opp stafettpinnen og blåste nytt liv i fagseminaret, som blei arrangert i Bergen torsdag og fredag.

– Seminaret har vore ein suksess. Me har fått mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane, seier Bente Torstensen, forskingsdirektør ved NIFES, og ein av initiativtakarane til årets seminar.

I år deltok 28 forskarar og stipendiatar frå forskjellige institusjonar, samt 24 deltakarar frå sjømatnæringa og forvaltninga. I løpet av dei to dagane blei det holdt 21 foredrag om mellom anna framtidas fiskefôr.

– Me har hatt gleda av å diskutere mange interessante og viktige tema når det gjeld fiskeeræring, frå tre til gjær som ny fôrråvare til samspelet mellom A-vitamin og feittsyrer. Dette har vore lærerikt for oss alle, seier forskingsdirektøren.

Den 13. utgåva av seminaret blir arrangert i 2017 av NOFIMA.

– Det ser me veldig fram til. Det er strålande og ikkje minst viktig at me nå har fått til ein felles møtearena for fagmiljøet her til lands, seier Torstensen.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer