Fiskefôr i hånd
Foto: NIFES

Skiftet frå marine til meir plantebaserte fiskefôr kan føre til nye framandstoff i fôret. Vi byggjer kunnskap om nye sprøytemiddel i fiskefôr kan påverke fiskehelse og mattryggleik.

Av forsker Monica Sanden

Dei siste 15 åra har vi sett store endringar i kva råstoff som blir brukt i norsk fiskefôr. Denne endringa heng saman med auken i akvakultur og dermed auka fôrproduksjon samtidig som tilgangen av marine ingrediensar har vore relativt stabilt. Fiskemjøl og fiskeolje blir i denne kronikken omtala som dei «blå» marine fôringrediensane, medan planteråvarer blir omtala som dei «grøne» fôringrediensane. Dersom vi går tilbake i tid og ser på samansetjinga av eit typisk fôr frå tidleg 90-tal, var det omlag 10% «grøne» ingrediensar i fôret. Dagens fiskefôr inneheld over 70% «grøne» ingrediensar som bidreg med næringsstoff som fisken treng.

I tillegg veit vi at både dei «blå» og dei «grøne» fiskefôringrediensane kan innehalde restar av sprøytemiddel. Fiskeolje og andre feittrike matvarer og råvarer kan innehalde restar av for eksempel DDT frå gamalt utslepp, i dag omtala som miljøgift. Desse «blå» sprøytemidla har vi mykje kunnskap om og generelt ser vi at dei viser ein nedgåande trend i forhold til restmengder i norsk fiskefôr fordi andelen fiskeolje har gått ned.

Dersom vi ser kva fôrråvarer som hovudsakeleg blir brukt i dag, ser vi at i tillegg til fiskemjøl og fiskeolje, er det proteinkonsentrat av soya og rapsolje som dominerer i volum. Dette er globale handelsvarer importert frå verdsdelar som kan ha andre regleverk og jordbrukspraksisar enn i Europa og Noreg.

Vi ser at desse «grøne» fôringrediensane kan innehalde nye sprøytemiddel som ikkje tidlegare har vore assosiert med akvakultur. I dag har vi lite kunnskap om effekten av desse på fiskehelse og mattryggleik. NIFES sitt arbeid med å overvake og kartleggje fiskefôr i Noreg på oppdrag for Mattilsynet viser at fiskefôr kan innehalde restar av blant andre klorpyrifos og pirimifos. Restmengdene ein finn er på same nivå som det ein ser i importert frukt som banan, eple og pære. Tidlegare arbeid på NIFES viser at klorpyrifos kan ha ein effekt på korleis feittet blir omsett i Atlantisk laks. Sidan dette er resultat frå celleforsøk, veit vi enno ikkje kva desse resultata betyr i praksis i ein fôringssituasjon for fisken si helse.

Sjølv om det er restar av eit uønskt stoff i fiskefôr, treng det ikkje vere ein risiko for fiskehelsa. Det dreiar seg om kva dosar fisken får i seg og kor tilgjengelig stoffet er for opptak i tarmen. I forsking brukar ein fleire biomarkørar for å undersøkje fiskehelse. Likt som hos oss menneskje, kan blodanalyser fortelje oss om endringar i blodprosenten til kvar fisk og nivåa av ulike stresshormon. Kanskje viser resultat at fisken responderer med å produsere fleire blodceller dersom blodprosent går ned, då treng det ikkje vere ei utfordring for helsa til fisken. I forhold til mattryggleik må vi ha kunnskap om kvar sprøytemiddelet blir av inni fiskekroppen. Det vil ikkje vere eit problem for mattryggleiken dersom fisken kvittar seg med sprøytemiddelet og ikkje blir lagra i fiskefileten som vi et.

Akkurat no er vi klar til å ytterlegare intensivere forsking relatert til dei nye sprøytemidla. Eit nytt 4-årig prosjekt finansiert av NFR og leia av NIFES skal svare på nettopp dei spørsmåla skissert over. Det blå – grøne skiftet har vore eit naudsynt tiltak for å kunne auke sjømatproduksjonen. Då treng Noreg også kunnskap om dei «grøne» sprøytemidla påverkar fiskhelse og mattryggleik.

Trykket i Fiskeribladet Fiskaren onsdag 13.januar 2016.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer