Foto: Bjørn Tore Lunestad

Cuba skal etablere marint oppdrett med norsk hjelp. - Eit ambisiøst prosjekt, seier koordinator, Bjørn Tore Lunestad.

NIFES er ein av mange aktørar som er involvert i bistandsprosjektet som skal hjelpe cubanarane med å etablere havbasert oppdrett.

Frå før finst det ferskvassbasert fiskeoppdrett på Cuba. Men dette er første gong havbasert oppdrett skal prøvast ut i større skala. Målet er å skape ei cubansk marin oppdrettsnæring som er både økonomisk og økologisk berekraftig.

– Delar av det som må til må byggast frå grunnen av, så dette er ein omfattande prosess. Men cubanarane har gode fagfolk og alle er svært innstilte på å få dette til, seier Bjørn Tore Lunestad, som nettopp er komen heim frå møter med det cubanske havforskingsinstituttet i Havana (CIP).

Lunestad er forskar ved NIFES og koordinator for bistandsprosjektet.

Dei første trinna  i arbeidet handlar om å finne rett art, skaffe yngel og leggje til rette for produksjon, optimalisere fôret og finne passande havbaserte  lokalitetar til oppdrett. Ei ekstra utfordring på Cuba er dei årvisse tropiske stormane. I tillegg skal prosjektet vurdere løysingar for prosessering og sal av fisken. Også generell kompetanseheving høyrer med, inkludert fagmøter og utdanning på master- og ph.d.-nivå innan fiskehelse, fôrutvikling  og oppdrettsteknologi.

NIFES skal hovudsakleg arbeide med utvikling og optimalisering av fôr til yngel og oppdrettsfisk.

Bistandsprosjektet skal gå over fire år og er tildelt 17 millionar kroner frå NORAD.

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer