Meir fosfor i fôr gir mindre deformerte bein hos oppdrettslaks, viser ny forsking.

Det er eit mål å ha så lite fosfor i fôret som mogleg for å redusere miljøbelastninga i sjøen.

-Samstundes har mange forsøk vist at mangel på fosfor kan kan gi svakare bein hos fisken, noko som kan medføre auka risiko for å utvikle beindeformitetar. Beindeformitetar i ryggrad er eit problem i oppdrett av laks, og det er eit fiskevelferdsproblem, seier forskar Robin Ørnsrud ved NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking).

Mykje lys, lite fosfor

Årsakane til beindeformiteter er samansette, men er nært knytt til fôret. Fleire forsøk har undersøkt effekten av reduserte fosformengder i fôret til laks.

Forsøka viser mellom anna at ein kombinasjon av lågt fosfornivå og bruk av kontinuerlig lys i produksjonen (blir brukt for å auke veksten) kan føre til deformerte bein hos fisken.

Andre forsøk viser at meir fosfor i laksefôr enn det som er vanleg i dag kan redusere tilfella av misdanningar. Forsøka er gjort på hurtigveksande smolt i perioden etter dei er sett ut i sjøvatn.

Steril laks – meir fosfor

Det er kjent at steril, eller triploid laks, er særleg utsett for beindeformasjonar. Laks som er sterilisert gjennom såkalla triploidisering (har eit ekstra sett arvestoff) blir sett på som ei potensiell løysing på problemet med rømt oppdrettslaks.  Den sterile, triploide laksen kan ikkje formere seg med villfisk.

Ein eigen studie på triploid laks konkluderer med at meir fosfor i fôret kan redusere faren for deformerte bein også hos triploid laks.

Frå før har NIFES-forskarar avdekt at ikkje berre fosformangel i seg sjølv – men også vitamin A kan påverke beinbygnaden hos laks generelt. Det er kjent at lite fosfor i kosten aukar konsentrasjonen av  vitamin D i blodet – som er nødvendig for å ta opp fosfor. Men for mykje vitamin A i fôret, viser det seg, kan redusere D-vitaminet si evne til å ta opp fosfor.

Forskar på ”både og”

-Vi ser at reduserte fosformengder i fôr har negative konsekvensar for fiskehelse og –velferd. Miljøomsyn tilseier at fosforutslepp frå oppdrettsanlegg bør vere så låge som mogleg. Det er viktig å finne ein balanse, seier Ørnsrud.

Ein måte å oppnå dette på, er å auke fisken si utnytting av fosforet som finst i fôret. I samarbeid med Nofima (finansiert av FHF) skal NIFES framover undersøke om bearbeiding av fôringrediensar kan auke utnyttinga av fosfor – og på den måten bidra til å nå både målet om reduserte utslepp og nok fosfor til fisken.

Forsøka på fôr og fosfor er gjort i regi av Havforskingsinstituttet i samarbeid med NIFES og EWOS Innovation.

Meir frå Havforskingsinstituttet

Kontaktperson: Robin Ørnsrud

E-post: ror@nifes.no/ Telefon: +47 41459857

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer