Petriskåler med ulike farger, som inneholder forskjellige bakterier.
Foto: Eivind Senneset

Auka resistens mot antibiotika er ei av våre største globale utfordringar. Kan skjel nyttast til å måle endringar i resistensnivået?

Av Bjørn Tore Lunestad

Verksame og trygge antibiotika vart oppdaga og tekne i vanleg bruk for omlag 90 år sidan. Dette er utan tvil ein av våre aller største oppdagingar, som gir eit unikt verktøy for å redusere liding, sjukdom og død. Det har lenge vore kjend at nokre bakteriar kan «kle seg i rustning» for å tole verknaden av antibiotika. Førekomsten av fenomenet antibiotikaresistens har auka kraftig i takt med aukande bruk og introduksjon av nye antibiotika. Resistens er no ei av dei største helseutfordringane i verda. Dette skuldast ukritisk og ofte unødvendig bruk over lang tid og i mange land. Berre i Europa reknar ein med at det er opp mot 25 000 dødsfall årleg knytt til antibiotikaresistens.

I Noreg vart det i 2015 nytta heile 51 168 kilo antibiotika til menneske. Til dyr utanom fisk vart det nytta 5 850 kilo, medan det til oppdrettsfisk berre vart nytta 273 kilo. Fisk kjem særleg godt ut i denne samanlikninga, fordi bruken av antibiotika er låg og produksjonen er svært høg; omlag fire gangar større enn produksjonsvolumet for kjøt frå landdyr. Noreg har eit godt system for kontrollert og forsvarleg bruk av antibiotika, noko som gjer at vi har ein svært låg førekomst av resistens hos bakteriar frå husdyr. Førekomsten av resistente bakteriar frå menneske i Noreg er også framleis låg. Resistens hos bakteriar frå norsk sjømat er framleis lite undersøkt. Ved NIFES har vi i det siste byrja med slike undersøkingar, og vi vil i første omgang forske på resistens hos bakteriar i skjel. Skjel som lever i havet tek opp næring ved å filtrere vatn, gjerne over 80 liter i døgnet. Samstundes held dei tilbake partiklar, inkludert bakteriar. På denne måten oppkonsentrerer dei bakteriar som er å finne i sjøvatnet. Desse bakteriane kan vere naturleg heimehøyrande i sjøen, eller vere tilført frå kloakk eller avrenning frå land, saman med nedbør.

Etter gjeldande regelverk, kan skjel med for høge konsentrasjonar av bakteriar ikkje omsetjast. NIFES undersøkjer skjel på oppdrag frå Mattilsynet. Gjennom arbeidet vårt har vi nyleg funne at 38 prosent av tarmbakteriar frå varmblodige dyr som ein kunne finne hos oppdrettsskjel var resistente mot minst ein type antibiotika, medan 20 prosent var resistente mot to eller fleire. Ein av til saman 200 undersøkte bakteriar i denne studien var resistent mot heile 15 antibiotika. Sidan tarmbakteriar ikkje høyrer naturleg heime i sjøen, kan vi rekne med at dei resistente bakteriane stammar frå kloakk eller tarmen hos ville fuglar eller beitande dyr i nærleiken. Sidan skjel samlar opp bakteriar frå mange kjelder, både dei som naturleg høyrer heime i sjøvatnet og bakteriar som er tilførde frå landbruk eller via kloakk, tyder mykje på at skjela er godt eigna til å måle endringar i nivåa av antibiotikaresistens. Dersom vi samanliknar nivåa frå ulike stadar i Norge med det vi finn hos andre nasjonar som produserer skjel, vil vi også kunne få ein peikepinn på korleis situasjonen er i dei ulike områda, og om vi kan finne endringar over tid.

I all hovudsak er det bruken av antibiotika direkte til menneske som fører til auken i antibiotikaresistens. Sjølv om vi finn antibiotikaresistente bakteriar i skjel, er det ikkje grunn til å tru at dette representerer eit stort trugsmål mot folkehelsa. I skjel som skal varmebehandlast, vert dessutan slike bakteriar drepne, anten dei er resistente eller ikkje. I samarbeid med kollegaer frå mellom anna Frankrike og Portugal, ynskjer NIFES no å finne ut meir om antibiotikaresistens hos bakteriar i skjel, og korleis dei kan brukast til å måle endringar over tid.

Trykket i Fiskeribladet Fiskaren 19.10.2016.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer