Nivået av kvikksølv i brosme er undersøkt for å få meir kunnskap om denne arten i norske farvatn. Resultata viser at kvikksølvnivået i brosme er generelt høgare samanlikna med andre typar torskefisk og ligg særskilt over EU sin grenseverdi for kvikksølv i fisk i Sørfjorden og Indre Hardangerfjorden.

Tidlegare undersøkingar av kvikksølv i brosme har stort sett vore frå områder i nærleiken av kjende forureiningskjelder, men det har vore lite kjennskap til kva som er bakgrunnsnivået av kvikksølv i brosme frå norske farvatn. Brosmer frå fleire havområde og  langs Vestlandskysten vart samla inn og analysert for kvikksølv for å undersøkje kva dette bakgrunns nivået er.

Kvikksølvkonsentrasjon i brosme

Mellom 11 og 26 brosmer vart samla inn frå ulike lokalitetar langs kysten: Karmøy, Sotra, Florø, Breisundet,  Sørfjorden og Hardangerfjorden, og fileten vart undersøkt for kvikksølv. Resultata viste høge konsentrasjonar av kvikksølv i brosme fiska frå fleire av områda, bortsett frå Breisundet der brosmenes kvikksølvkonsentrasjonar alle var under EUs grense for kvikksølv på 0.5mg/kg, Figur 1. Overskridingane var høgast hos fisk frå Hardangerfjorden  og Sørfjorden, medan det var noko mindre overskridingar i brosme frå farvatnet utanfor Karmøy, Sotra og Florø. Ved samanlikning av tall verdiane til grenseverdien vart talmaterialet justert for måleusikkerheit.

I havområda vart det samla inn frå 15 til 45 fisk frå 8 lokalitetar. Kvikksølvanalysar av desse prøvane viste kun overskridingar av EU sin grenseverdi på brosmer frå ein lokalitet i Skagerrak,Figur 1. Resultata viste og ein synkande konsentrasjon av kvikksølv i brosme i ein sør mot nord gradient, det vil sei at brosmer i sør hadde ein høgare kvikksølv konsentrasjon enn dei i nord, Figur 2. Dei høgaste kvikksølvnivåa i opne hav vart funne  med eit snitt på 0,44 (0,15-1,0) mg kvikksølv /kg, verdien er synkande til 0,12 (0.06-0,35) mg/kg sør i Barentshavet og 0,08 (0,04-0,12)lenger nord. Dette er relativt store endringar ved at snittverdien lengst sør er fem gonger høgare enn i nord. Vidare vart det i kyststraumen langs Vestlandet sett ein liknande trend. Den sydlegaste stasjonen utanfor Karmøy viste eit snitt og variasjon på 0,49 (0,29-1,0) og så søkk konsentrasjonen gradvis til stasjonen ved Ålesund der vi fann eit snitt på 0,21 med variasjon frå 0,09 til  0,43 mg kvikksølv /kg.

Det er kjent at det er forhøgja kvikksølvnivå i brosme frå Sørfjorden inst i Hardangerfjorden og vi stadfesta dette med snittverdiar på 1,7 mg kvikksølv /kg der, noko som er tre gonger høgare enn grensa for omsetjing av denne fiskearten.  I Sørfjorden er det i dag kosthaldsråd mot å ete brosme. Det som var overraskande var at det var eit snitt på 1,5 (0,68-2,6) ved Steinstøberget som ligger  i Indre  Hardangerfjord.

Figur 1. Prosent overskridingar av kvikksølv i brosme frå ulike lokalitetar. Analyseverdiane er justerte for måleusikkerheit. Illustrasjon: NIFES Figur 2. Analyseverdiane av kvikksølv i brosme frå ulike lokalitetar: gjennomsnittsverdi (min-maks). Kvikksølvet akkumulerer med størrelse på brosmene, slik at stor og gammal fisk inneheld mest kvikksølv, og det vart funne høgare kvikksølvkonsentrasjon i brosme frå fjordane enn frå kystområda. Illustrasjon: NIFES

U864 ikkje forureiningskjelda

Brosmer lengst sør inneheldt meir kvikksølv enn brosmer lengre nord. Årsaka til denne skilnaden er at kyststraumen er nordgåande. Dette viser at kvikksølvforureininga ved ubåten U864 utafor Fedje ikkje er årsaka til dei høge kvikksølvkonsentrasjonane i brosme. Då hadde ein forventa at brosmer lengst nord hadde dei høgaste  kvikksølvkonsentrasjonane.

Kvikksølv, sjømat og helsefare

Det er oppretta grenseverdiar for ulike framandstoff i mat. For kvikksølv er grenseverdien 0.5 mg/kg for de fleste arter, og 1 mg/kg i visse rovfisk som tunfisk og kveite. Dersom fisk inneheld kvikksølv over grensa er det ikkje lov å omsetja fisken. Dersom nokon likevel har ete fisk som har konsentrasjonar av kvikksølv som overstig grenseverdiane, er det ikkje nokon umiddelbar  grunn til uro. Kvikksølv i desse konsentrasjonane er ikkje akutt giftig, og det er det langsiktige inntaket ein vil verne seg mot. Det er utarbeid inntaksgrenser pr veke for ulike framandstoff. Inntaksgrensa er den dosa ein reknar med at ein person kan ete kvar veke gjennom heile livet utan fare for negative helseeffektar.

Det vil seia at om ein til dømes et ein 150 grams filet av ein fisk som skulle ha 1.5 mg kvikksølv per kg fisk, vil ein få i seg om lag det dobbelte av vekesdosen. Dersom dette var einaste kjelda til kvikksølv hadde ein då brukt ”inntakskvoten” for 14 dagar, eller lengre om det er andre kjelder. Les meir om inntaksgrenser, grenseverdiar og kva som er skilnadene mellom dei.

Overvaking av kvikksølv i norsk sjømat

NIFES starta å analysere sjømat for kvikksølv i 1976, men det var først i 1994 at instituttet starta regelmessig stikkprøvebasert overvakning av  kvikksølv i norsk sjømat. Denne overvakinga har så langt vist at filet av de fleste fiskeartar, som for eksempel oppdrettslaks, sild, makrell og torsk har forholdsvis låge konsentrasjonar av kvikksølv, ti gonger under øvre grenseverdi i Norge og EU. Unntaket er enkelte arter som veks seint eller er botnfisk, som for eksempel blåkveite, Atlantisk kveite, brosme og lange. I tillegg er det ei rekkje fjordar og hamner langs kysten som er forureina av kvikksølv.

Ny overvaking – basisundersøkingar

Tidlegare har overvakinga av framandstoff i fisk og annan sjømat kun vore basert på stikkprøver, men innhaldet av framandstoff varierer mellom arter og individ av villfanget fisk, og er avhengig av fødetilgang og årstid.  Dei stikkprøvebaserte verdiane vil åleine ikkje fange opp til dømes årstidvariasjon i organismen.  For å gje norske myndigheiter eit betre grunnlag for risikovurdering av sjømat er det sett i gong basisundersøkingar der målet er å etablere gode basisverdiar når det gjeld framandstoff i dei viktigaste kommersielle fiskeartane i Noreg.  Resultatet frå dette arbeidet viser at det er store variasjonar i kvikksølvinnhaldet i brosme, noko som aktualiserar trongen for grundige basisundersøkingar for denne arten.

FAKTABOKS:

Kva er basisundersøking?Ei basisundersøking er ei systematisk kartlegging av framandstoff i ein fiskebestand der den vert fisk, og omfattar også eventuelle årstidsvariasjonar av framandstoffinnhaldet.  Ei grundig kartlegging av framandstoffsituasjon i villfisk frå norske havområde i dag er ein føresetnad for framtidige risikovurderingar på sjømatsområdet, og skal bidra til å utvikla eit forsvarlig overvakingssystem for den enkelte fiskeart. Så langt er basisundersøkingar gjort ferdig for norsk vårgytande sild og blåkveite, og arbeidet med nordsjøsild, makrell, torsk og sei er i gang.

Arbeidet med kvikksølvanalysane i brosme inngjekk i ei masteroppgåve ved instituttet.

Kontaktperson:

Amund Måge Telefon: (+47) 950 25 505. E-post: ama@nifes.no/

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer